laurdag 28. april 2007

SMS-oppgåve

Denne SMS-meldinga mottok eg heller seint ein fredagskveld:

Øl og brennivin
sild og potet
reitadrotten til gaman
Ferr i morgon til Trondheimsins
drykkjastofa at vitja
madr er manns gaman, en
er Hjalmar Ekdali ein madr mikill?

Det første ein legg merke til er at dette er ein lyrisk tekst. Han speler på forma i eddadikta, men er heller fri i forhold til krav ein stilte til desse.

Språket er ei blanding av norsk og norrønt. Dette er ein ekspressiv tekst, og for sendaren er dette ein leik med språket. Sendaren er heilt klart ein person med språkleg og litterær kunnskap. Sendaren omtalar seg sjølv som "Reitadrotten", han har nettopp teke over eit gardsbruk, Reitan, i heimbygda si.

Dei tre første linene seier noko om kva sendaren held på med medan han skriv, og han kosar seg. Line fire og fem seier noko om kva for planar han har for morgondagen. I innhald er dette eit naturleg framhald av aktiviteten frå fredagskvelden. Dei to siste verselinjene inneheld kvar sin allusjon. Line seks alluderer til ei strofe i Håvamål som handlar om kor viktig det er å dyrke vennskap. Line sju tolkar eg som noko sjølvironisk. Kanskje har både sendar og mottakar mykje til felles med Hjalmar Ekdal. Hjalmar var stor i ord, men heller stakkarsleg når noko skikkeleg skulle gjerast. Eg trur òg at både sendar og mottakar har nokre livsløgner som hjelper dei gjennom kvardagen.

Kven er så sendaren? Han er ein god kollega og norskfilolog først i femtiåra. Eg tolkar meldinga som ein hyllest til god mat og drykk og til vennskap. Ho er som sagt òg sjølvironisk, og både i form og innhald er meldinga godt tilpassa mottakaren.

Til slutt vil eg seie at eg synest dette er ein original og god bruk av sms-mediet. Utan mobiltelefon hadde neppe denne teksten vorte skriven. Dette var ei hyggeleg melding å få ein fredagskveld.

Husdalen, 28.04
Paul Ivar

2 kommentarer:

Vera-blogg sa...

Artig opplegg og original tekstmelding. Også relevant tolking. Dette viser kanskje først og fremst den tette teksten (tett=dicht) som sms-språket og lyrikken er eksponenter for. Kompaktheten, tettheten, økonomiseringen er jo relevante tekstlige kategorier, som det går an å si noe fornuftig - pedagogisk/didaktisk om. Ser du didaktiske muligheter i dette?

Harald M. Iversen

Kari Anne sa...

Det var ei fin tekstmelding. Det er fint å se at mediet kan brukes til mer enn å overlevere beskjeder. Tolkinga di var god og relevant. Sms-språket egner seg jo godt til dikt, siden en må jobbe med å få mye mening i få ord.