laurdag 28. april 2007

SMS-oppgåve

Denne SMS-meldinga mottok eg heller seint ein fredagskveld:

Øl og brennivin
sild og potet
reitadrotten til gaman
Ferr i morgon til Trondheimsins
drykkjastofa at vitja
madr er manns gaman, en
er Hjalmar Ekdali ein madr mikill?

Det første ein legg merke til er at dette er ein lyrisk tekst. Han speler på forma i eddadikta, men er heller fri i forhold til krav ein stilte til desse.

Språket er ei blanding av norsk og norrønt. Dette er ein ekspressiv tekst, og for sendaren er dette ein leik med språket. Sendaren er heilt klart ein person med språkleg og litterær kunnskap. Sendaren omtalar seg sjølv som "Reitadrotten", han har nettopp teke over eit gardsbruk, Reitan, i heimbygda si.

Dei tre første linene seier noko om kva sendaren held på med medan han skriv, og han kosar seg. Line fire og fem seier noko om kva for planar han har for morgondagen. I innhald er dette eit naturleg framhald av aktiviteten frå fredagskvelden. Dei to siste verselinjene inneheld kvar sin allusjon. Line seks alluderer til ei strofe i Håvamål som handlar om kor viktig det er å dyrke vennskap. Line sju tolkar eg som noko sjølvironisk. Kanskje har både sendar og mottakar mykje til felles med Hjalmar Ekdal. Hjalmar var stor i ord, men heller stakkarsleg når noko skikkeleg skulle gjerast. Eg trur òg at både sendar og mottakar har nokre livsløgner som hjelper dei gjennom kvardagen.

Kven er så sendaren? Han er ein god kollega og norskfilolog først i femtiåra. Eg tolkar meldinga som ein hyllest til god mat og drykk og til vennskap. Ho er som sagt òg sjølvironisk, og både i form og innhald er meldinga godt tilpassa mottakaren.

Til slutt vil eg seie at eg synest dette er ein original og god bruk av sms-mediet. Utan mobiltelefon hadde neppe denne teksten vorte skriven. Dette var ei hyggeleg melding å få ein fredagskveld.

Husdalen, 28.04
Paul Ivar

laurdag 21. april 2007

På tynn is.

Dei siste tre dagane har vore interessante og utviklande for meg. For å halde meg til klisjerspråket, så er eg kanskje ikkje på tynn is, eg har snarare kasta meg ut på djupt vatn. Men det kan vere ein effektiv måte å lære å symje på. Det eg håper å lære, er å bli flinkare til å ta i bruk dei moglegheitene dataverktyet gjev meg som lærar. Akkurat no held eg på å opprette min første blogg, eg som for nokre dagar sidan knapt visste kva ein blogg var for noko. Eg er generelt noko skeptisk av natur, difor tenkjer eg: Kan eg no bli så oppteken av det tekniske at dette i seg sjølv blir viktigast? Eg ønskjer framleis å vere tru mot det eg oppfattar som det grunnleggjande i norskfaget. Og boka bør vel framleis vere viktigare enn pc-en.