torsdag 6. september 2007

Orkdal vgs


Her vil eg prøve å lage ein link til heimesida til Orkdal vgs, ein skole som til dagleg blirkalt Follo.


onsdag 5. september 2007

Hamsun

Videosnutt

Permalink

No skal eg lage ein peikar til bloggen til Hildegunn

Dette er ein link, ikkje til vg.no, men til vg.is

tysdag 4. september 2007

Gode forsett


No er det lenge sidan eg har vore inne på bloggen, eg var usikker på om eg i det heile tatt ville klare å komme inn på han att. Det stundar mot nye kursdagar, og eg må berre innrømme for meg sjølv og andre at eg ikkje klarte å leve opp til forsetta mine om å arbeide med digitale tekstar i sommarferien. Etter ein hektisk skolestart er eg no motivert for å gjere nye framstøyt mot den digitale verda.

Til slutt vil eg gjere eit forsøk på å finne eit høveleg sommarbilde som eg kan legge inn i bloggen. Vonar eg vil lukkast.
Jammen klarte eg det! Denne trivelege ugleungen kom og settte seg på fjøstrappa ein fin junidag.

laurdag 28. april 2007

SMS-oppgåve

Denne SMS-meldinga mottok eg heller seint ein fredagskveld:

Øl og brennivin
sild og potet
reitadrotten til gaman
Ferr i morgon til Trondheimsins
drykkjastofa at vitja
madr er manns gaman, en
er Hjalmar Ekdali ein madr mikill?

Det første ein legg merke til er at dette er ein lyrisk tekst. Han speler på forma i eddadikta, men er heller fri i forhold til krav ein stilte til desse.

Språket er ei blanding av norsk og norrønt. Dette er ein ekspressiv tekst, og for sendaren er dette ein leik med språket. Sendaren er heilt klart ein person med språkleg og litterær kunnskap. Sendaren omtalar seg sjølv som "Reitadrotten", han har nettopp teke over eit gardsbruk, Reitan, i heimbygda si.

Dei tre første linene seier noko om kva sendaren held på med medan han skriv, og han kosar seg. Line fire og fem seier noko om kva for planar han har for morgondagen. I innhald er dette eit naturleg framhald av aktiviteten frå fredagskvelden. Dei to siste verselinjene inneheld kvar sin allusjon. Line seks alluderer til ei strofe i Håvamål som handlar om kor viktig det er å dyrke vennskap. Line sju tolkar eg som noko sjølvironisk. Kanskje har både sendar og mottakar mykje til felles med Hjalmar Ekdal. Hjalmar var stor i ord, men heller stakkarsleg når noko skikkeleg skulle gjerast. Eg trur òg at både sendar og mottakar har nokre livsløgner som hjelper dei gjennom kvardagen.

Kven er så sendaren? Han er ein god kollega og norskfilolog først i femtiåra. Eg tolkar meldinga som ein hyllest til god mat og drykk og til vennskap. Ho er som sagt òg sjølvironisk, og både i form og innhald er meldinga godt tilpassa mottakaren.

Til slutt vil eg seie at eg synest dette er ein original og god bruk av sms-mediet. Utan mobiltelefon hadde neppe denne teksten vorte skriven. Dette var ei hyggeleg melding å få ein fredagskveld.

Husdalen, 28.04
Paul Ivar